torsdag 18. desember 2008

New York!

Hei igjen.....var visst ei stund sidan sist, gitt! Er jo ein deel grunnar til det....som f.eks

1. Me har vore opptekne med julehandel
2. Me har vore paa sightseeing
3. Me har grapsdaarlig nettilgang
4. Me har vore for kalde til aa tenka paa bloggen vaar
5. Me har vore paa.....enda meir.......julehandel! tihi

Har med andre ord hatt ei heilt super veke her i NY! Men FYYY saa kaldt det er her! Trudde me skulle daua daa me kom ut fraa flyplassen. Stakkars oss er ikkje vane med temperaturar som har den ondskapsfulle tendensen til aa snika seg ned mot minusgradene. Har jo vore vane til kortbuksevaer og tropevarme i fleira mnd no, saa me var alle tre doden naere daa me ankom NY. Heldigvis har me tilpassa oss LITT dei siste dagane, men det er framleis skummelt vondt aa gaa ut dora fraa hostellet der me bur og ut i vinterkulden.....brrrrrr. takk gud at det finnest hanskar, vottar, jakkar og skjerf!

Jeje, kva har me gjort i NY utanom aa frysarumpa av oss?? Har i alle fall teke MYKJE subway, og har traska enda meir! NY er ein diger by, men heldigvis er den veldig lett aa orientere seg i.......viss ikkje maate nok dei to andre ha festa ei bjolla rundt halsen min (Silje) slik at dei visste kvar dei hadde meg...har nemleg funne ut i lopet av turen at retningssansen min er ganske saa ikkje-eksisterande =) Men her i NY har me jo etter kvart vorte noksaa lommekjente...veit i alle fall kvar me finn alle dei goye butikkane for aa seie det slik...hehe. Som daake sikkert forstaar, saa har mykje av tida her i byen gaat med til handel og meir handel. Men ekte turistar som me er, saa har me ogsaa faatt vaare dosar med sightseeing! Var f.eks paa baattur til frihetsgudinna.....og FY saa liten den var! Zooma godt inn med kamera vaare, saa saag me den som ein liten prikk....var i alle fall nesten saa gale. Men me har i alle fall sett den, og det er jo det som er det viktige!
Har ogsaa betrakta utsikten over byen fraa EmpireStateBuildning. Var ein lang tur opp i alle dei 86 etasjane, men det var definitivt verdt utren. Var fyrst daa me saag kor stor denne byen faktisk er.....var jo lys og bilar saa langt auget kunne sjaa, - fascinerande! Ikkje nok med det, - me har ogsaa vore aa betrakta juletreet paa rockefeller center der folk gjekk paa skoyter, og menn og damer fraa frelsesarmeen staar med bossene sine medan sei gaular ut ein eller annan ugjenkjennelig julesang.....og slett ikkje alle har sangstemmer, men det driter dei visst i. Koselige er dei i alle fall...hehe. Men maa inromma at julestemingen ikkje tar heilt av i gatene slik me ser paa film! Er slettes ikkje julelys og julesang overalt, men der det finnest er det store mengder av det for aa seie det slik! Saa har me jo ogsaa selvfolgelig vore paa vandring i Central Park. Saa saa turistar har me vore her i NY, - ikkkje verst berre det!

Naar det kjem til den kulturelle delen, saa har me jammen meg litt aa komma med der ogsaa! Har faktisk vore pa museum (!!!) her i NY! Eg og Marianne tok heilt av og betalte oss inn paa The Body Exebition, - eit museum der ekte kroppar vert utstilt, - nokon utan hud, nokon utan skjelett, nokon delt i skiver, nokon foster, nokon gravide, nokon feite osv osv..... Fekk litt flash back til disseksjonen paa skulen, men var absolutt eit spesielt og stilig museum! Innsaag ogsaa (til vaare store frustrasjon) kor mykje anatomiske begrep me har gloymt....og nokon av oss skal liksom verta legar....haha! NAdre kulturelle ting me har gjort.....hmmmm..... MAA jo nesten nevnast at me var paa Broadway-show i gaar! Etter mykje om og men bestemde me oss for aa gaa paa musikalen hairspray, - og oioioi kor kjekt det var! Stilig musikk, fantastiske sangarar og dansarar, gjennomfort sceneshow, handling som gaar an aa faa med seg, og gode skodespelarar....var verkeleg verdt pengane! Hadde det ikkje vore for at det kosta litt, saa kunne me lett gaat paa broadway kvar kveld her =) Absolutt aa anbefala!

Nei, no sitt eg her paa hostellet og kvir meg til pakkinga....har nemleg vorte litt handling her i NY, saa det vert ein mildt sagt fullpakka sekk og store handbagasjar som skal fraktast heim til Noreg i morgon! Og PLYSTRETRE kor rart det er aa tenka paa at om eit dogn og to, saa sit eg heime i sofaen med bronostskiva i handa og sjokolademelka med rosinene i paa bordet medan jul i Blaafjell surrar og gaar pa fjernsunet....mmmm. Rart at den laaaange turen snart er slutt. Me kunne nok lett har fortsatt aa reisa lenge enda utan aa gaa lei...til Sor-Amerika eller noko i den duren, men maa nok inromma at nett no gledar me oss alle samen som smaa ungar til aa komma heim. Tanken paa eit reint bad, kjottkaker, juleribbe, pinnekjott, eit fullt kjoleskaap, ei mjuk dyne og julestemning i heimen er nok litt for fristande til at me skulle finna paa aa stikka av til Sor-Amerika for aa seie det slik....det faar vel heller vente til neste gang ;)

Snakkast plutselig!

Ingen kommentarer: