Åååååååååh, FOR nokon fantastiske dagar me har hatt her i Florida! Då me kom hertil, var det med eit aldri så lite håp om at me skulle få tid til ein aldri så liten snarvisitt innom Disneyworld....... At me skulle få TRE heile dagar gratis var jo over ALL forventning! Det lønnar seg verkeleg å reise saman med ei (Marianne) som har ein slektning som har kontakt med ein som jobbari parken, gitt!...! ...hehe Naive som me e, trudde me at Disneyworld var ein stor park som me kunne greia å springa gjennom på ein dag.....men neidå!! Disneyworld her i florida består av fire digre parkar, og Stephen (som skaffa oss gratis adgang), meinte at tre dagar var eit minimum til å få med oss kun det viktigaste av det viktigaste! Alt her i Amerika er jo digert, - og disneyworld var altså intet unntak.....
For å rekka alle dei fire parkane, måtte me tilbakelegga to parkar på vår fyrste Disney-dag, Magic Kingdom og Universal Studios. Dei to neste dagane brukte me i dei to resterande parkane, - Magic Kingdom og EPCOT. Me oppfører jo oss som små ungar der inne i parkane. Springer rundt med kartet og underholdningsprogrammet i handa frå ein attraksjon til ein annan! Er verkeleg ei heftig treningsøkt for å rekka alt me vil sjå!! Og FY kor mykje det er å gjere inne i walt sin verden! ALT er så gjennomført og digert, at me vart jo mållause opp til fleire gangar..... Berg og dalbanane har ulike tema, og er perfeksjonert ned til kvar minste detalj.... På dagtid sprang me frå attraksjon til attraksjon, og kveldane brukte me til å sjå på ulike show, - alt frå paradar til julesangar og julekor. Og me MÅ jo nesten nevna fyrverkeriet. Dåke der heima veit kor glad eg er i fyrverkeri, og dette her overvant ALT eg har sett før!! heile himmelen vat dekka av rakettar i alle formar og fargar, - her hadde me stjernerakettar, hjerterakettar, flammar, laser osv osv. Og det varte evig lenge! Tok aldri slutt og vart berre finare og finare!
No er det mat på gang her, så kan ta litt meir nøyaktige beskrivelsar seinare =) Siste måltid skal nytast før me reiser til New York seinare i kveld
fredag 12. desember 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
De har visst hatt flaks med dei vala de har gjort! Dette er visst oppleving for livet. Heldige dåke-!
Men, velkommen heim att snart, me gler oss!
Mor V
hehe, veit eg hadde trivst der i den parken og!!=) jaja, neste gang:P
rart det ikkje e komt oppdatering her innpå no som dokke e i NY!hmm korfor?? det e ei hard nøtt:P
SOFFA :D
Legg inn en kommentar