fredag 3. oktober 2008

Kambodsja

HEI OG HOPP!

Ikkje saa altfor lenge sio sist oppdatering, men mykje har likevel skjedd sidan sist.
Kan jo begynne med tubinga i Vang Vieng. (Og til Mor-Else -> tubing er flyting/rafting paa digre baderingar nedover elva ;) Dette her var jo ein opplevelse i seg sjolv. Opplegget i Vang vieng er heilt genialt spor du meg ;) Her kan me leige kvar sin tube/badering som me kan bruke paa den 1-2 timar lange turen nedover elva. Langs heile elva er det bygd opp meir og mindre shabby barar der me kan stoppe og kjope drikke, - og snille jenter som me e, saa gjekk det selvfolgelig i brus heile vegen =P I vannkanten stod det laos-mennesker og hanka oss inn baade her og der med store kjeppar og "redningsboylar". Dei barane me sikta oss inn paa var dei som var utstyrt med store slengdisser! Desse dissene var enten montert hogt oppe i trea, eller paa store rampar. Etter litt om og men greide me aa mota oss til aa slenga oss utfor den fyrste og hogaste av dei alle! Denne var sikkert 15 meter hog (velger eg aa tru i alle fall), og me fekk eit heilt sjuuuuukt sug i magen daa me heiv oss utfor rampen og dingla langt over vannoverflata. Midt i dette pendelhoppet maatte me sleppe taket og satsa paa at me fekk ei mjuk landing i elva....noko som heldigvis gjekk fint kvar gang ;) Var ogsaa utrulig digg aa berre ligga i kvar sin tube og flyta med straumen nedover elva....deilig! Heldigvis var veret ogsaa myre enn dagen for...ikkje knall sol heile dagen, men heller ikkje regn, saa me klagar ikkje. Var i alle fall knallkjekt!
Dagen etter tubinga gjekk det i (enda meir) shopping for me hoppa paa bussen til Vientiane. Var ein OK buss...har opplevd baade verre og betre for aa sei d saann. Eg sleit litt med hetetokter, klaustrofobi, kvalme og slapp tankevirksomhet, men itte ein stopp og ein pose chips var verda ein betre stad aa vere ;) Kom fram til Vientiane ca 18 og fann ut at me hadde akkurat 12 timar og slaa i hjel for flyet til Siem Reap skulle ta av. Tusla rundt og fant oss ein resturant der me aat og kosa oss for me leste litt....greide faktisk aa bruke eit par timar her for me bestemde oss for aa ta turen ut til flyplassen. I og med at flyet skulle gaa altfor tidlig morgonen etterpaa tenkte me (toffe backpackarar som me e) at me berre skulle ta turen ut til flyplassen og henga der til flyavgangen. Tuk-tuk-turen ut til flyplassen var jo ein opplevelse i seg sjolv! Sjaa for deg ein moped med sidevogn overlessa med tre fullpakka sekkar, tre stk handbagtasjar og tre jenter, der i alle fall ei av dei er ganske saa langbeint! Den stakkars vetle tuk-tuken kunne jo ha blitt drept av mindre! Men kom oss i alle fall fram. Glade og fornoyde marsjerte me inn paa flyplassen, rigga oss til med eit bord, fann fram kjeks, snop, kortstokk og reisegeni, - klare for ei lang natt! Men saa plutseleg dukkar det opp litt sinte vaktar som kan fortelle oss at flyplassen stenger for natta! For ein mongo flyplass! Skal visst vere stengt fraa 10 til 04, saa me har det med aa pelle oss ut derfraa. Og som laosfolk flest, saa var ogsaa dei ansatta paa flyplassen serdeles daarlige i engelsk, saa det er lite gode tips ute og gaar. Endar med at me finn fram til eit lite gjesthus like ved flyplassen. her tar me inn paa eit enkeltrom (fattige som me lika aa lata som om me e ;). I dette enkeltrommet er det faktisk ei saapass stor seng at alle faar plass! Vart i det minste eit par timar sovn (noko det nok ikkje hadde blitt for min del paa flyplassen). Vasken pa gjesthuset her maa forresten faa litt hederlig omtale. Her rant nemlig vatnet rett fraa vasken og ned paa golvet. saa nar me pussa den skitne tennene vaare og spytta i vasken, rant dette gugget berre rett ned paa dei enda skitnare beina vaare....digg!
Jeje, kom oss i alle fall bort til flyplassen i god tid for avgang, - og godt var det! viste seg nemlig at flybillettane me hadde bestilt var blitt kanselert av dei ekla, teita, altfor vennlige dama paa reisebyraaet i Chiang Mai. UKR! Heldigvis var det tre ledige seter paa flyet, - noko som var mildt sagt flaks i og med at det fun var 38 seter paa flyet, og berre to ledige seter utanom dei me kapra til oss. Saa no stressar me med aa faa tar i den ekla, teita, altfor vennlige dama paa reisebyraaet i Chiang Mai slik at me kan faa pengane tilbake.....goood luck! men me leve i haapet som vanlig ;) Og til mor: alt dette skjedde i lopet av min helli9ge time paa morgonen (kl 04-05), saa du ka n jo tenka deg kor blid eg va daa! Orka verken bli sint eller blid, og det var kanskje lika greit =P

Jeje, me kom oss fram til Siem Reap til slutt! Har vandra rundt i byen men smaa hetetokter som kjem og gaar. Er ein finfin by med altfor mykje til aa handla!

Og forresten.....greide aa kvitta meg med litt overvekt i dag daa eg skulle vaska klede. Presterte aa slenga den finasta toppen eg har med meg i dassen paa gjesthuset...til stoooor glede for dei andre (les; marianne med videokameraet som har ein tendens til aa dukka opp til dei mest upassande tider, - f.eks kjersti i undiken med tannkosten i kjeften!) Jeje, daa har eg i alle fall ein god grunn til aa kjopa ein topp til....wiiihi.

No e det snart mar og leggetid. Me skal jo opp kl 04 i natt for aa faa med oss soloppgangen i Ankor Wat. Gjesp! Satsa paa sol og finaver!

Plan vidare:
Ankor Wat og diverse andre kulturelle ting i morgon
Buss til bankok paa sondag (dette kjem nok til aa bli veldi festlig opplevelse i og med at ordet "local bus"vart nevnt daa me bestilte den. Er visst den einasta bussen som gaar, men me vart lova at den har air condition, saa kan nok ikkje vere saa aller verst!)
Handling til me svimer av i Bankok!
reiser til Australia 8. okt. Plukker forresten opp Sofie 7.okt =) jej!

2 kommentarer:

Laisy sa...

Legg ut merr bilder! =)

Turid sa...

Hellu!
Gøy å følgja med på dåke på bloggen! Godt å høyra alle framleis er oppegåande. Litt av eit styr på flyplassen; skal ikkje vera greit! Kos dåke vidare1