tirsdag 11. november 2008

Snart Fiji

Berre ein liten opplysning ang turen til Fiji i morgon.... Har snakka med gutegjengen, og dei kunne informera om at det er stor sannsynlighet for at me ikkje vil ha dekning ute paa oyene, saa for dei som vil ha tak i oss, maa nok mest sannsynleg venta til me kjem til statane =) Trur ogsaa at internett er eit mislukka prosjekt paa Fiji....

Ellers kan eg jo informera om at me har det framleis veldig bra her nede! Har hatt nokon slakke dagar utan spesielle planar her i Byron Bay, - litt digg etter eit noksaa hektisk reiseprogram fram til no =) Saa her her har me brukt tida paa lesing, soling, bading, eting....nokon har til og med vore saa spreke at dei har lagt ut paa joggeturar i hytt og pine! Trur samtlige var noksaa deppa daa dei kom tilbake.....kondisen vaar har ikkje akkurat vorte betre paa turen for aa sei det slik! Eg for min del tok til takke med ein rask gaatur til eit fyrtaarn i naerheten (som andre var galne nok til aa jogga til) , og holdt paa aa daua av tungpusthet helvvegs opp trappene. (saa folk der heime; i jula vert det 3 daglege turar til Nonhaug for aa sei det slik!!) Men me lever i beste velgaaande her nede, og har i alle fall ikkje vorte feite enda....jej =)

I kveld skal heile gjengen ut og eta ein betre middag sidan det er siste kvelden samla (alltid ein god unnskyldning til aa eta litt ekstra...haha)

Jeje, nok om det.
Vert altsaa sikkert ei lita stund til neste oppdatering (ei veke og vel saa det) i og med at tilgang paa internett ikkje kjem til aa ver optimale paa Fiji....saa daasa...snakkast i LA

Ingen kommentarer: